Open Arms av Journey

Open Arms
Singel av Journey
frå albumet Escape og Heavy Metal: Original Film Soundtrack
B-side

Little Girl

Utgjeve Januar 1982
Innspelt 1981
Sjanger Softrock[1]
Lengd 3:18
Selskap Columbia
Tekstforfattar Steve Perry
Låtskrivar(ar)
Produsent
Journey-kronologi 
«Don't Stop Believin'»
(1981)
Open Arms «Still They Ride»
(1982)


«Open Arms» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey. Han vart gjeven ut på singel frå filmusikkalbumet Heavy Metal og albumet deira Escape frå 1981. Songen vart skriven av Steve Perry og Jonathan Cain og er ein powerballade med ein tekst som omhandlar eit forsøk på å fornye eit skrantande forhold. Songen er ein av dei største hittane til bandet og nådde andreplassen på amerikanske Billboard Hot 100 i februar 1982 der han låg seks veker (bak «Centerfold» av The J. Geils Band og «I Love Rock 'n' Roll» av Joan Jett and the Blackhearts).[2]

«Open Arms» er blitt spelt av mange andre artistar. Mariah Carey fekk ein hit med sin versjon av songen i 1996. Versjonen hennar nådde fjerdeplassen på britiske UK Singles Chart. Songen er òg blitt spelt av Barry Manilow, Boyz II Men og Celine Dion.

Journey si innspeling av «Open Arms» har blitt skildra som ein av dei beste kjærleikssongane skrivne nokon gong.[3][4] VH1 kåra songen til den beste powerballaden gjennom tidende.[5] Mike DeGagne i AllMusic skildra han som «ein av dei vakraste balladane i rocken», som «skin med ein ærlegdom og kjensle som berre Steve Perry kunne få til.»[6]

  1. «VH1’s 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». Stereogum. SpinMedia. 31. mai 2007. Henta 1. juni 2020. 
  2. Open Arms av JourneyAllmusic
  3. «100 Greatest Love Songs». VH1. 2003. #4.
  4. «112 Greatest kjærleikssongs, ever!». Blender. #5.
  5. «25 Greatest Power Ballads» Arkivert 2010-10-05 ved Wayback Machine.. Ep. 073. VH1. Henta 22. april 2011.
  6. Journey: Escape. AllMusic. Henta 1. juni 2020.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy